Ny utsmykking i Helgheim kyrkje

Det nye koret i Helgheim kyrkje

Då eg tidleg på hausten 2016 fekk telefon frå Jarle Helgheim som la fram tankane om nye glas i koret og idé om glasutsmykking liknande som i Florø kyrkje tykte eg det var interessant og svara ja. Seint på hausten tok Helgheim igjen kontakt og fortalde at det no var i orden med finansiering og vi avtalte synfaring like over nyår 2017.

I forhold til Florø var det ein del likt: Begge kyrkjene er teikna av Arkitekt Jacob Nordan i nygotisk stil, og vindauga i hadde same form og om lag same storleik. Men i Florø er det og vindauge i frontveggen og ikkje altartavle. I Helgheim skulle det vere eit vindauge på kvar side av ei altertavle som eg ved første synfaringa ikkje likte spesielt godt; Maleriet av Jesus på krossen øvst la eg først merke til då vi var der for 2. gang. Men altertavla var likevel ein realitet som det var naudsynt å ta omsyn til, og mellom andre Riksantikvaren var oppteken av at utsmykking i vindauga ikkje måtte dominere og ha for sterke fargar slik at det tok luven frå altertavla.

Koret utan vindauge

Vindauga skulle ha same form og storleik som dei som var teke ut i 1952, og som var lik dei som er i kyrkjeskipet. Eg måtte og lage det i ruter for å kunne gjere arbeidet heime på min verkstad og frakte det på ein rimeleg måte. Sidan mannen min Magne Bergseth er arkitekt tok han på seg å lage skjema og detaljteikningar av dei nye vindauga, og difor kunne prosessen med blyglasrutene gå parallelt med produksjonen av vindauga, og monteringa kunne vi ta før vindauga vart sett inn i veggane.

Eg tenkte og at midtpartiet og dei 3 små glasa oppe kunne gje uttrykk av søyle og soleis spele saman med søylene i altertavla. Sidefelta kunne ha liner som strekte seg inn og opp mot altertavla slik at augo vart trekt den vegen og opp mot Jesus på krossen høgst oppe. Så blei det å fylle søylene i midtpartiet med motiv. Søylene startar nede med symbola for kyrkja: Båten og fisken og sluttar oppe med symbola for fornying og oppstode.

Det er ikkje så enkelt å lage «noko liknande» utan at det vert ein slags kopi, men eg tok vekk eit par bibelord og la til nokre symbol. Motiva har og fått litt annan formgjeving og fargesetting enn i Florø, slik at inntrykket blir litt mindre kontrastrikt. Dei 2 øvste sola i det høgre glaset og sommarfuglen i det venstre kan vere symbol på oppstoda. Sommarfuglen kan og vere symbol på forvandlinga i livet her og no og fridomen i Kristus. Dette symbolet er mykje brukt i Sør Amerika der det har vore mykje fattigdom og undertrykking.

             

Fargane i sidefelta der det ikkje er motiv startar nede med litt mørke fargar i blått og blågrønt og vert lysare og lysare oppover. Det var ei stor utfordring å finne glas i dei rette nyansane, og fordi det har vore mindre utval dei siste par åra på grunn av ein nedlagt fabrikk. Men eg kom i mål med det og synest resultatet har blitt bra.

Eg er veldig takksam for oppdraget og samarbeidet med prosjektleiar og initiativtakar Jarle Helgheim, soknerådet og presten. Det var ein stor oppleving å sjå det ferdige resultatet og kjenne på gleda hjå kyrkjelyden.

Under ligg fleire bilete som syner arbeidsprosessen

                           

 

 

 

 

 

 

 

 

Lagt inn i Ymse | Skriv eit innspel

Frå utstillinga i Ulstein kunstlag nov. 2016

Omtale i lokalavisa

Vartdalsfjella 2016

Ny vår 2014

Mot sjøen 2016

I morgonsol 2015

Morelltre 2016

Haustgull 2008

» Villplomme» og » Mellom»

Forventning 2014

Austing 2016

Lagt inn i Ymse | Skriv eit innspel

Florø kyrkje – utsmykking i blyglas

1 2003 fekk eg spørsmål om å lage skisseframlegg til utsmykking i blyglas av korvindauga i Florø kyrkje. Ei av medlemmene i nemda hadde sett kapellvindauget på Alvehaugen.

Ferdig just copy

Då eg var på synfaring kom det fram ynskje om at dei ville ha kristne symbol i utsmykkinga, og etterkvar som eg jobba med skissene kom eg fram til at det ikkje var så mange sentrale symbol å velje mellom, i alle fall var det mindre enn eg hadde trudd.

Sidan det var 3 vindu ville dei gjerne ha eit vindu for kvar av eningane Faderen, Sonen og Heilag-anden. Eg vart litt i stuss om kven eg skulle setje i midten. Kven skulle ut på sidelina av Gud Fader og Jesus. Valet måtte bli som det blei. Eg måtte ha Jesus i sentrum. Dessutan danna motiva i midtvindauget ein kross, så Jesus måtte vere der.  Kristusfiguren på alteret (Kopi av den danske kunstnaren Thorvaldsens figur i Vår Frue kirke i København) understrekar og dette.

julehelsing 07

Eg har elden og dua som symbol på heilaganden, og ein båt som symbol på kyrkjelyden i det venstre vindauget sett frå salen. Eit auge i ein trekant og ei hand med klode i er symbol på Gud, og eit kornaks er symbol på Guds ord. Dette er i høgre vindauge. Eg valde å dele vindauga opp i ruter eller bilete på ca 38 x 54 cm fordi dette stemde med innelinga i rutene  på dei ytre vindusglasa. Då gjekk det 6 bilete i høgda i kvart vindu, og dette var eit greitt format å jobbe med.

Kvart vindu er delt i 3 med 6-7 cm breide postar, som gjev 18 bilete i kvart vindu og til saman 54. 14 av desse har motiv/symbol, og 6 har tekst. Eg har vald å ha ei rute med bibelord under kvart av motiva på sidevindauga. Desse er kaligraferte med breidpenn, scanna inn, forstørra opp og finjustert på data, og trykt med silketrykk i ein gullfarge på glaset, slik at bokstavane vert gyldne når det er mørkt ute og står i kontrast mot lyset om dagen. Eg jobba mykje både med val av bibelord og skrifttype, og eg syns resultatet vart bra.

41. Engel 1 40. Lammet42. korn

Detaljar frå utsmykkinga.

 

Lagt inn i Ymse | Skriv eit innspel

Det grøne huset på Remøy

IMG_7213a

Fyrste året etter innflytting er totalt straumforbruk berre ca. 6000 kWh,
eller 45 kWh pr m2.

Huset har vedfyring kombinert
med solfangarar, og kun naturleg
ventilasjon med vinduslufting.

Ytterkledning: ubehandla malmfuru.

Collage

Collagen viser prosjektutvikling
i starten frå 1. møte hausten 2009,
innkl. eit lite føredøme til inspirasjon.

Lagt inn i Ymse | Skriv eit innspel

Frå utstillinga i Innvik 2011

IMG_8620 i kveldsola

«I kveldsola»

IMG_8618 mot eiketongane

«Mot Eiketongane»

 IMG_8617 våt haust 2

«Våt haust»

 IMG_8615 nysnø

«Nysnø»

Lagt inn i Ymse | Skriv eit innspel

Ingeborg Ellen si songbok

Dette galleriet inneheld 10 foto.

Kunstprosjekt, om lag 50 handinnbundne bøker med illustrerte barnesongar og rim på Nynorsk.            

Fleire galleri | Skriv eit innspel