Åshild er utdanna bokillustratør og har arbeidd med illustrasjon av barnebøker særleg dei fyrste åra etter avslutta utdanning. Arbeider og mykje med oljemaleri der lys-luft-atmosfære-natur er gjennomgåande tema. Målar og portrett og tek imot oppdrag innafor dette. Sidan 2003 har ho og arbeidt med glasmåleri (blyglas) og gjer då heile prosessen sjølv. Glasutsmykking i Alvehaugen omsorgssenter, Ulsteinvik (2004), Volda sjukeheim (2005) og Florø kyrkje (2007).