Magne Bergseth, sivilarkitekt mnal.

Eigen praksis etablert i mars 2003 i Ulsteinvik.

Innehavaren har ca 30 års allsidig arkitektpraksis. Frå 1982-1986 eigen praksis i Førde, 1986 til 2002 partnar i ARKI arkitektar as, Førde. (Avdelingskontor i Ulsteinvik frå 1992).

Arbeidsområdet er innafor dei fleste byggkategoraiar og planlegging (reguleringsplanar m.v) Deltek i arkitektevlingar der omfanget ikkje er for omfattande, åleine eller i samarbeid med kolleger. Kan og bidra med illustrasjonsoppdrag, undervisning, foredragsverksemd og juryarbeid i arkitekttevlingar.

Har etablerte samarbeidsfohold med kolleger og andre fagfolk innafor landskapsarkiktektur, interiør, biletkunst og rådgjevande ingeniørfirma på oppdrag der dette er naudsynt i forhold til innhald og kapasitet. Døme på dette: Utarbeiding av byggeskikkrettleiar (estetikk-rettleiar) for 7 kommunar på Sunnmøre i samarbeid med sivilarkitekt Helge Aarset, Ørskog, sjå prosjekt – utgreiing og rettleiing.

Bruker i hovudsak Archicad som dak-verktøy. Illustrasjonar er gjerne handteikna og utført i samarbeid med biletkunstnar Åshild Havåg Bergseth.