Ny utsmykking i Helgheim kyrkje

Det nye koret i Helgheim kyrkje

Då eg tidleg på hausten 2016 fekk telefon frå Jarle Helgheim som la fram tankane om nye glas i koret og idé om glasutsmykking liknande som i Florø kyrkje tykte eg det var interessant og svara ja. Seint på hausten tok Helgheim igjen kontakt og fortalde at det no var i orden med finansiering og vi avtalte synfaring like over nyår 2017.

I forhold til Florø var det ein del likt: Begge kyrkjene er teikna av Arkitekt Jacob Nordan i nygotisk stil, og vindauga i hadde same form og om lag same storleik. Men i Florø er det og vindauge i frontveggen og ikkje altartavle. I Helgheim skulle det vere eit vindauge på kvar side av ei altertavle som eg ved første synfaringa ikkje likte spesielt godt; Maleriet av Jesus på krossen øvst la eg først merke til då vi var der for 2. gang. Men altertavla var likevel ein realitet som det var naudsynt å ta omsyn til, og mellom andre Riksantikvaren var oppteken av at utsmykking i vindauga ikkje måtte dominere og ha for sterke fargar slik at det tok luven frå altertavla.

Koret utan vindauge

Vindauga skulle ha same form og storleik som dei som var teke ut i 1952, og som var lik dei som er i kyrkjeskipet. Eg måtte og lage det i ruter for å kunne gjere arbeidet heime på min verkstad og frakte det på ein rimeleg måte. Sidan mannen min Magne Bergseth er arkitekt tok han på seg å lage skjema og detaljteikningar av dei nye vindauga, og difor kunne prosessen med blyglasrutene gå parallelt med produksjonen av vindauga, og monteringa kunne vi ta før vindauga vart sett inn i veggane.

Eg tenkte og at midtpartiet og dei 3 små glasa oppe kunne gje uttrykk av søyle og soleis spele saman med søylene i altertavla. Sidefelta kunne ha liner som strekte seg inn og opp mot altertavla slik at augo vart trekt den vegen og opp mot Jesus på krossen høgst oppe. Så blei det å fylle søylene i midtpartiet med motiv. Søylene startar nede med symbola for kyrkja: Båten og fisken og sluttar oppe med symbola for fornying og oppstode.

Det er ikkje så enkelt å lage «noko liknande» utan at det vert ein slags kopi, men eg tok vekk eit par bibelord og la til nokre symbol. Motiva har og fått litt annan formgjeving og fargesetting enn i Florø, slik at inntrykket blir litt mindre kontrastrikt. Dei 2 øvste sola i det høgre glaset og sommarfuglen i det venstre kan vere symbol på oppstoda. Sommarfuglen kan og vere symbol på forvandlinga i livet her og no og fridomen i Kristus. Dette symbolet er mykje brukt i Sør Amerika der det har vore mykje fattigdom og undertrykking.

             

Fargane i sidefelta der det ikkje er motiv startar nede med litt mørke fargar i blått og blågrønt og vert lysare og lysare oppover. Det var ei stor utfordring å finne glas i dei rette nyansane, og fordi det har vore mindre utval dei siste par åra på grunn av ein nedlagt fabrikk. Men eg kom i mål med det og synest resultatet har blitt bra.

Eg er veldig takksam for oppdraget og samarbeidet med prosjektleiar og initiativtakar Jarle Helgheim, soknerådet og presten. Det var ein stor oppleving å sjå det ferdige resultatet og kjenne på gleda hjå kyrkjelyden.

Under ligg fleire bilete som syner arbeidsprosessen

                           

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.