Florø kyrkje – utsmykking i blyglas

1 2003 fekk eg spørsmål om å lage skisseframlegg til utsmykking i blyglas av korvindauga i Florø kyrkje. Ei av medlemmene i nemda hadde sett kapellvindauget på Alvehaugen.

Ferdig just copy

Då eg var på synfaring kom det fram ynskje om at dei ville ha kristne symbol i utsmykkinga, og etterkvar som eg jobba med skissene kom eg fram til at det ikkje var så mange sentrale symbol å velje mellom, i alle fall var det mindre enn eg hadde trudd.

Sidan det var 3 vindu ville dei gjerne ha eit vindu for kvar av eningane Faderen, Sonen og Heilag-anden. Eg vart litt i stuss om kven eg skulle setje i midten. Kven skulle ut på sidelina av Gud Fader og Jesus. Valet måtte bli som det blei. Eg måtte ha Jesus i sentrum. Dessutan danna motiva i midtvindauget ein kross, så Jesus måtte vere der.  Kristusfiguren på alteret (Kopi av den danske kunstnaren Thorvaldsens figur i Vår Frue kirke i København) understrekar og dette.

julehelsing 07

Eg har elden og dua som symbol på heilaganden, og ein båt som symbol på kyrkjelyden i det venstre vindauget sett frå salen. Eit auge i ein trekant og ei hand med klode i er symbol på Gud, og eit kornaks er symbol på Guds ord. Dette er i høgre vindauge. Eg valde å dele vindauga opp i ruter eller bilete på ca 38 x 54 cm fordi dette stemde med innelinga i rutene  på dei ytre vindusglasa. Då gjekk det 6 bilete i høgda i kvart vindu, og dette var eit greitt format å jobbe med.

Kvart vindu er delt i 3 med 6-7 cm breide postar, som gjev 18 bilete i kvart vindu og til saman 54. 14 av desse har motiv/symbol, og 6 har tekst. Eg har vald å ha ei rute med bibelord under kvart av motiva på sidevindauga. Desse er kaligraferte med breidpenn, scanna inn, forstørra opp og finjustert på data, og trykt med silketrykk i ein gullfarge på glaset, slik at bokstavane vert gyldne når det er mørkt ute og står i kontrast mot lyset om dagen. Eg jobba mykje både med val av bibelord og skrifttype, og eg syns resultatet vart bra.

41. Engel 1 40. Lammet42. korn

Detaljar frå utsmykkinga.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.